• Tatt opp i Stavanger kommune si innkjøpsordning

    I dag fekk Badr AS melding om at firmaet har blitt tatt opp i Stavanger kommune si dynamiske innkjøpsordning for samfunns, areal- og transportplanlegging. Ordninga gjeld kjøp av tenester på fagområdet i ti år framover til 2031. Opptaket er ein viktig milepæl i etableringa av Badr AS. Den gir høve både til å løyse oppgåver…

  • Prosjekterfaring

    Bård Magnus har røynsle frå ei rekke oppdrag før han starta Badr AS. Nedanfor finn du utvalde saker og lenker til nettsider og arkiv hos kommunar du kan undersøke nærare. LINK arkitektur Fyrstikkakken 14 er eit bustadprosjekt for Birk & Co AS der vi regulerte inn fire bustadblokker med opptil 12 etasjar på Bryn aust…

  • Planvedtak i Grimstad

    Den 7. desember 2021 vedtok kommunestyret i Grimstad i sak 137/21 detaljreguleringsplan for ny Kiwi i Grooseveien nr. 2. Planen har Badr AS utarbeida i samarbeid med JoB arkitekter AS på vegne av Norgesgruppen. I januar 2021 blei eg kontakta for å hjelpe JoB med å utarbeide planforslaget, slik at Kiwi kunne kome vidare med…

  • Fortetting i by og infrastruktur

    Oppgradering av infrastruktur – ein planleggjar sitt musikalske rammeverk. Dette emnet i byplanlegginga blei eg som landskapsarkitekt oppteken av allereie i studietida. Den gong skreiv eg ei mastergradsoppgåve der eg gjennom dokumentstudiar, synfaring der eg samanlikna plan med fysisk resultat og samtalar eller intervju med involverte aktørar undersøkte forholdet mellom Jan Gehl sin Strategisk plan…

  • Alternativ til dispensasjon i strandsona

    I januar 2021 kom Sivilombodsmannen med tre rapportar om dispensasjonar i strandsona i tre kommunar, nemleg Mandal (no Lindesnes), Kragerø og Askøy. Dette er ein interessant uttale som kritiserer mange av dei konkrete dispensasjonane som blir gitt i desse kommunane. Nyleg tok eg til med å undersøke sakene, slik at Badr AS kan hjelpe med…

  • Debattinnlegg om byutvikling i Bergen

    Frå 2011 har Bergens Tidende, Bergensavisen og Arkitektnytt publisert fleire innlegg eg har skrive om bybanen og byutvikling i Bergen. Nedanfor kan du lese dei i kronologisk rekkefølgje.