Urbane hyttefelt til digitale nomadar

Thomas Thiis-Evensen løyser alle vanskar med å sjå til Italia. Som student, tok eg det vidgjetne kurset hans om byrommet i arkitekturhistoria. Det inspirerte denne disippelen til vinturar i Toscana, og å gå i gatene i Roma, med Thiis-Evensen som våryr hærførar. Du kan bli salig av mindre.

Då eg var med å byggje opp arkitektavdelinga til HR prosjekt i Oslo i førre desennium, regulerte vi fleire hyttefelt. Eit ligg i ei sol-glipe på ein nedlagt gard, nedst i den namntunge Myrkdalen på Vestlandet ein stad. Der har dei møtestaden på parkeringsplassen.

Holtardalen i Rauland. Foto: Per-Kåre Sandbakk, lånt frå NRK.

Les Terje Tvedt si gode verdshistorie! Mellom forteljingar om vasslandskapet til dei store sivilisasjonane, fletta han ein stad inn om den norske bonden. Den einaste oppgåva han verkeleg måtte kunne, for å mette borna, var å tømme den vassjuke jorda for vatn. Difor trong han ikkje samarbeide med nabobonden. No står hyttene han byggjer, femten meter frå kvarandre, på fyllingsputer i den tørrlagde myra.

Orda frå Norges kulturelle alibi, lovar godt; for når klimaendringane lokkar Middelhavsbuarar på flukt frå skogbrann og tørke. I eit vonleg kaldare nord, kan hyttefelta vere gode stadar å urbanisere, til fordel for hordar med digitale nomadar av italienske vinbønder. Kanskje kan vi sende fredsmeklarane våre til hytteheimen, om temperaturen frå kjeklet blir for høg.