Tatover Gågata i pannebrasken på Bergensarane

– Gågaten er liv laga for spesialbutikker.

Det trur Kjersti Hamnes. Samstundes skildrer ho «alltid tomme vinduer, (…) mange døgnfluer [og] den butikken som har hatt opphørssalg i et år». Allereie då eg flytta frå Bergen for over ti år sidan, var Gågata blitt ei bakevje.

MUREN i Bergen er einaste bilete eg har frå området nær Gåtata. Det seier noko. For eg tar bilete kvar ein eg kjem.

Tidlegare blei det lagt ned eit stort engasjement for å skape den vidkjende Gågata i Bergen. Men ein by blir aldri ferdig, og butikkane har funne betre og meir driftssikre lokale utanfor byen. Klostergarasjen blir fort for dyrt, til å vente at folk køyrer inn til byen for å gå. Så då lyt volum av kundar som strøymer gjennom gata sikrast med dei som bur og arbeider der, eller kjem til byen på anna vis.

Spesialbutikkar løyser difor ikkje problemet til Gågata. Blir det for mange av dei, visnar gata tvert i mot vekk. Jørn Rune Ekerhovd Knutsen lyt tatovere «Gågata!», som eit heilt sjølvsagt mål, i pannebrasken på Bergensarar utan obskure hobbyar.

Det har Anders Ohm gjort med Pedersgata i Stavanger. Den utviklinga er langt meir interessant enn instagramvenlege Fargegata, som Silje Vågenes finn attråverdig.

Giske Grønningen saknar kommunale pengar.

– De kunne ha plantet og gjort det koselig for barn. Men her er det bare gamle nedtaggede benker, seier ho.

Men no har bystyret krangla i femten år om den trikken, utan å ta i innspelet mitt allereie i 2013[1] om å inkludere Nordnes i skinenettet.

Så då er det kanskje på tide at plansjef Tarje I. Wanvik får i oppgåve å sjå på ei kopling mellom den framtidige bybanen til Dokken og Laksevåg, Nordnes og Åsane. Det kan opne det offentlege pengesluket, og atter inkludere Gågata i byen vest for loven.


[1] Sjå merknad i KMBY 111/16 og kronikk i BT 31. januar 2014, spørsmål stilt på møte i BOBY den 12. juni 2013 om to traséar på Bybanen som tener sentrum i staden for ein


Den

i

av