ByLab om Dokken i Bergen

Som del av forslag til Dokken2050 og arealstrategien som hadde vore på høyring, arrangerte Bergen kommune ByLab om Dokken den 8. mars 2022. Der deltok Bård Magnus i gruppearbeid og diskuterte om utvikling av byrom og parkar på Dokken.

På arrangementet presenterte Bergen kommunen forslaga som har vore framme om utbygging av Dokken (hamneområda) i Bergen og gav deltakarane, som stort sett var arkitektar og utviklarar i Bergen, i oppgåve å diskutere korleis byen kan utvikle parkar, byrom, gater og møte med sjøen når denne delen av sentrum skal byggast ut.

På gruppa Bård Magnus deltok i, diskuterte vi ulike byrom, store og små samt den særeigne Bergenske hopen der du kan kome ned til sjøen og frå gamalt av ta båten ut av byen.

I andre grupper diskuterterte dei andre løysingar. Diverre fekk vi nøye oss med å fotografere modellskissene dei laga før Bylab-en blei avslutta.

Tatt opp i Stavanger kommune si innkjøpsordning

I dag fekk Badr AS melding om at firmaet har blitt tatt opp i Stavanger kommune si dynamiske innkjøpsordning for samfunns, areal- og transportplanlegging. Ordninga gjeld kjøp av tenester på fagområdet i ti år framover til 2031.

Opptaket er ein viktig milepæl i etableringa av Badr AS. Den gir høve både til å løyse oppgåver for Stavanger kommune sjølvstendig eller i samarbeid med andre firma.

Både gamle og nye Stavanger kan tilby interessante byrom og god arkitektur.

Frå søknaden om å bli kvalifisert, trekk eg fram:

Badr AS er ein ny tilbydar av byplanfagleg rådgiving. Bård Magnus stifta firmaet hausten 2019 for å delta i ulike prosjekt gjennom samarbeid og innleige. Firmaet skal tilby fagleg rådgiving innan by- og landskapsplanlegging med vekt på prosessane etter plan- og bygningslova med tilstøytande lover, medverking, råd i grenseland mellom plan- og gjennomføring og delta i plan- og utgreiingsprosessar.

I oppstartsfasen har firmaet eigar som einaste medarbeidar og gir anten tilbod åleine eller deltar i tilbodssamarbeid med andre firma. Når firmaet har gjennomført fleire oppdrag, skal utviklingsarbeidet gå vidare med å utvikle tenester som firmaet kan tilby innan dette fagområdet og på sikt også involvere fleire fag og medarbeidarar.

Alternativ til dispensasjon i strandsona

I januar 2021 kom Sivilombodsmannen med tre rapportar om dispensasjonar i strandsona i tre kommunar, nemleg Mandal (no Lindesnes), Kragerø og Askøy. Dette er ein interessant uttale som kritiserer mange av dei konkrete dispensasjonane som blir gitt i desse kommunane.

Nyleg tok eg til med å undersøke sakene, slik at Badr AS kan hjelpe med å kome fram til gode løysingar i liknande situasjonar. Førebels har eg bedt om innsyn i alle vedtaka i dei ulike kommunane. Deretter skal eg gå gjennom vedtaka og sjå om kommunane kunne bedt søkjar eller konsulent om andre måtar å løyse oppgåvene på som er i samsvar med funna til Sivilombodsmannen. Målet mitt er å lære frå sakene og ombodsmannen sin uttale.

Fureskjegget, Meland kommune – 2011

Frå mi eiga røynsle veit eg at dispensasjonsreglane i plan- og bygningslova kapittel 19 kan vere krevjande å handsame, også for oss som kjenner reglane. I fleire saker eg har arbeidd med, har det kome opp situasjonar som blir freista løyst med ein søknad om dispensasjon frå eit ein regel eller krav stilt i lovverket. Men dei av mine kollegaer som har fått saka på bordet, kan ikkje reglane og prøver seg fram med ein søknad og ein argumentasjon om at for løysinga nett dei foreslår, må no fordelane vere større enn ulempene. Men det fungerer ikkje.

For det første skal søknaden vere grunngiven jf. pbl §19-1. Det stiller krav til innhald og også lovreferansar jf. forvaltningslova §§ 24 og 25. Vidare skal avgjerda kommunen tar, svare på to rettsskjønn som skal vurderast etter kvarandre jf. pbl §19-2.

  • Hensyna bak reglane det blir dispensert frå, kan ikkje bli sett vesentleg til side.. og
  • Fordelane ved å gi dispensasjon, skal vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.

Og her fann Sivilombodsmannen mange feil. For det første kan altså kommunen gi dispensasjon, men altså også nekte ein søknad utan å gå inn på søknaden jf. «kan»-vilkåret i §19-2. For det andre viss den skal gis, skal den prøvast mot desse to vilkåra i §19-2 andre ledd.

Står du i ein situasjon der du vurdere dispensasjonssøknad, ta kontakt, så kan Badr AS hjelpe deg. For løysinga kan vere ei anna og mindre kronglete tilnærming, for eksempel ei reguleringsendring eller sågar endring i kommuneplan i enkelte tilfelle. Og fell vi ned på at dispensasjonssøknad er rett veg, vil det vere ei føremon at den blir skriven og sakshandsama på ein slik måte at kommunen kan gi dispensasjonen.