Nekta innsyn?

Vi klager for deg! Berre send vedtaket til [ innsyn (at) sladda.info ] eller last opp vedtaket her.

Retten til innsyn i offentleg informasjon er grunnleggande i eit demokrati. Den er difor nedfelt i grunnlova §100 og menneskerettane artikkel 10 samt i offentleglova og nokre andre lover og forskrifter som kan ha relevans i ulike situasjonar. Vi hjelper med innsynskrav etter offentleglova og tilhøyrande forskrifter. Innsynskrav etter andre lover som forvaltningslova, kommunelova og miljøinformasjonslova kan vere aktuelle. Vi avgrensar oss til saker som på ulike måtar gjeld offentleg informasjon i offentlege forvaltningsorgan eller organ klart omfatta av offentleglova.

sladda.info er ei teneste eigd av Badr AS. Initiativtakar Bård Magnus har lang røynsle som byplanleggar. I den samanheng har han god kjennskap til forvaltningsrett og hjelper andre med innsynsretten. Bård Magnus har stått bak mange innsynsaker i stat og kommune.

Tenesta rettar seg mot dei som følgjer med på konkrete saker og treng hjelp til å få innsyn i ulike typar dokument og offentleg informasjon. Det kan vere viktige saker i lokalpolitikken eller på nasjonalt nivå. Andre gonger har du konfliktar du treng å finne ut av, eller avklare om offentlege organ held tilbake informasjon som dokumenterer straffbare handlingar eller andre lovbrot. Kanskje er du kjelde for journalistar i ei konkret sak, men treng hjelp til å finne informasjon før du går vidare med forholda du har kjennskap til? Vi kan også hjelpe journalistar, politikarar og andre. Men sladda.info er ikkje sjølv journalistar og handsamar difor ikkje informasjon om kjelder på vegne av journalistar.

Har eit offentleg organ nekta deg innsyn, vurderer vi vedtaket og gir raskt svar på om det kan lønne seg å klage. Sender vi ein klage, betaler du for det. Du har rett til å få dekka vesentlege kostnader som har vore naudsynte for å endre vedtaket til gunst for ein part, sjå forvaltningslova §36.

Våre prisar er enkle!

Råd til utforming av innsynskrav: kr 1190 inkl. mva
Send oss ein kort beskrivelse av kva du vil ha innsyn i, og vi foreslår eit innsynskrav innan tre dagar.

Vurdere eit avslått innsynskrav: kr 1190 inkl. mva
Send oss vedtaket og vi gir tilbakemelding innan tre verkedagar

Klage etter offentleglova §32: kr 3500 inkl. mva
Eit vedtak pr. sak

Abonnement viss du har fleire innsynskrav over tid

Alternativ 1: kr 4900 inkl. mva
Inntil 3 klagar pr. mnd inkludert vurdering

Alternativ 2: kr 12250 inkl. mva
Inntil 8 klagar pr. mnd inkludert vurdering

Sakskostnader

Krav etter forvaltningslova §36: kr 1190 inkl. mva
Dersom du har fått medhald, kan vi sende krav om å dekke naudsynte kostnader.

Det skal kome på plass ei betalingsløysing for Vipps. Tenestene vil bli fakturert anten til EHF eller som efaktura fram til den er på plass. Tenesta skal vere betalt før den blir utført.

Avtalevilkår

Partar: Sladda.info er levert av Badr AS org.nr. 924057971. Adresse Niels Aabels gate 3A, 4012 Stavanger. E-post innsyn (at) sladda.info.no.

Kjøpar er anten firma eller forbrukar som gjennomfører eller står ansvarleg for betaling for tenesta. Med ansvarleg blir her sikta til firma eller organisasjon som dekker inn utlegg gjort av privatperson.

Betaling skal skje via Vipps før tenesta blir levert. Faktura kan bli avtalt særskilt for firma eller organisasjonar og skal vere betalt før tenesta blir levert. Avtalen er bindande ved betaling.

Levering: Råd og vurdering samt klagehandsaming skjer via e-post. Det kan bli utprøvd andre nettbaserte løysingar for levering av tenestene. Sladda.info hjelper med klagar til Sivilombodet, men tar inntil vidare ikkje saker om innsynsrett for domstolane.

Abonnement: Du betaler minst for to månader med abonnement. Avtalen kan du endre eller sei opp seinast 14 dagar før siste dag i månaden. Dersom det blir bedt om klager i fleire enn maksimalt tal klagar pr. månad, gjeld prisen for klage på eit einskild vedtak.

Personvernerklæring: Vi handsamar personopplysningar som er naudsynt for å handsame betalingar. Personopplysningar vil bli delt med organet som nekta innsyn eller klageinstans, dersom det blir fremja krav etter forvaltningslova §36. Personopplysningar vi blir kjent med gjennom dokument det blir gitt innsyn i, skal reknast som offentleg informasjon.

Reklamasjon og angrerett: Krav skal settast fram skriftleg på e-post. Angrerettlova gjeld for privatpersonar. Angreretten skal vere nytta før tenesta har blitt levert for at tilbakebetaling skal skje.

Tvistar: Tvistar blir søkt løyst minneleg. For tvistar om betaling i domstolen, skal forliksrådet i Stavanger eller Sør-Rogaland tingrett nyttast som Badr AS sitt verneting med indre anna er bestemt i tvistelova.

sladda.info ei teneste levert av Badr AS