ByLab om Dokken i Bergen

Som del av forslag til Dokken2050 og arealstrategien som hadde vore på høyring, arrangerte Bergen kommune ByLab om Dokken den 8. mars 2022. Der deltok Bård Magnus i gruppearbeid og diskuterte om utvikling av byrom og parkar på Dokken.

På arrangementet presenterte Bergen kommunen forslaga som har vore framme om utbygging av Dokken (hamneområda) i Bergen og gav deltakarane, som stort sett var arkitektar og utviklarar i Bergen, i oppgåve å diskutere korleis byen kan utvikle parkar, byrom, gater og møte med sjøen når denne delen av sentrum skal byggast ut.

På gruppa Bård Magnus deltok i, diskuterte vi ulike byrom, store og små samt den særeigne Bergenske hopen der du kan kome ned til sjøen og frå gamalt av ta båten ut av byen.

I andre grupper diskuterterte dei andre løysingar. Diverre fekk vi nøye oss med å fotografere modellskissene dei laga før Bylab-en blei avslutta.

Tatt opp i Stavanger kommune si innkjøpsordning

I dag fekk Badr AS melding om at firmaet har blitt tatt opp i Stavanger kommune si dynamiske innkjøpsordning for samfunns, areal- og transportplanlegging. Ordninga gjeld kjøp av tenester på fagområdet i ti år framover til 2031.

Opptaket er ein viktig milepæl i etableringa av Badr AS. Den gir høve både til å løyse oppgåver for Stavanger kommune sjølvstendig eller i samarbeid med andre firma.

Både gamle og nye Stavanger kan tilby interessante byrom og god arkitektur.

Frå søknaden om å bli kvalifisert, trekk eg fram:

Badr AS er ein ny tilbydar av byplanfagleg rådgiving. Bård Magnus stifta firmaet hausten 2019 for å delta i ulike prosjekt gjennom samarbeid og innleige. Firmaet skal tilby fagleg rådgiving innan by- og landskapsplanlegging med vekt på prosessane etter plan- og bygningslova med tilstøytande lover, medverking, råd i grenseland mellom plan- og gjennomføring og delta i plan- og utgreiingsprosessar.

I oppstartsfasen har firmaet eigar som einaste medarbeidar og gir anten tilbod åleine eller deltar i tilbodssamarbeid med andre firma. Når firmaet har gjennomført fleire oppdrag, skal utviklingsarbeidet gå vidare med å utvikle tenester som firmaet kan tilby innan dette fagområdet og på sikt også involvere fleire fag og medarbeidarar.

Badr AS | Fredsmeklaren

Namnet BADR botnar i ei medviten omskriving av namnet mitt Bård Magnus. Ein byplanleggar lyttar til kva forteljingar ulike stadar vil by på framover. Samtidig vil alle byutviklingsprosessar romme store og små konflikter med motstridande interesser. Allereie som student sette eg meg difor inn i komplekse forhandlingar og korleis dei kan nyttast til å løyse konfliktfylle saker.

Då høver det å peike på at namnet Bård er eit gamalt norrønt namn:

Kristoffer Krukens «Norsk personnamnleksikon»

Kombinasjonen «bod» som tyder strid og «fridur» som tyder «fred, vern» utgjer ei sentral konfliktlinje i alle byutviklingssaker. Naboane som ikkje vil ha nye naboar. Nye utbyggingar truar vernet om eit byrom eller ei naturperle. Klimaendringar medfører rekordnedbør eller tilspissa arealbrukskonflikter om transport. Det krev kloke løysingar.

Badr AS skal løyse slike konflikter. Slik kom namnet Badr på tunga mi. Ei nedkorting av varianten «Barødr» jf. «bod» som tyder «strid» saman med ordet «rø» som tyder å tale. Eller heilt enkelt fredsmeklaren som tør aksle dei vanskelege konfliktene i ditt nærmiljø.

English: The name Badr is an abbriviation of the old norwegian name Badufridur and Bårødr meaning peace negotiatior – which is an important value for my business, to solve even complex conflicts within the urban fabric.

Bård Magnus