Opning av Fyrstikkbakken 14

Moro å delta på opninga av Fyrstikkbakken 14 den 7. mars 2024

Artig med delemeter på taket, badstu, kreativt rom, leikerom for barn og takterrasse – ulik løysing på toppen av kvart bygg. Flotte leiligheter med artige planløysingar for å dele med venner eller på andre måtar.

Det har blitt eit bra prosjekt, som eg er stolt over å ha bidratt til. Konkret hadde eg plansaka etter offentleg ettersyn der vi fekk oppheva ein innsigelse frå Statens Vegvesen på hhv støy (skjerpa krav) og ny Ring 3 som no har ei heilt anna løysing. Metroen er også flytta i tunnel bak og fjernvirkning (synlighet) er godt innafor sjølv om statsforvaltaren prøvde å synse om noko anna.

Her er nokre bilete frå opninga:

Og her er nokre bilete frå den 20. april 2023. Då tok eg ein snartur innom i byggeperioden.

Prosjektet er utvikla av Birk & Co AS med LINK arkitektur AS som arkitekt. Det er eit Futurebuilt-prosjekt utvikla innanfor ein avtale med Futurebuilt og Oslo kommune.


Den

i

av