Kyststi på Bygdøy

Bymiljøetaten i Oslo kommune vil bygge kyststi på Bygdøy og det oppstod nyleg politisk strid mellom byrådspartia Oslo Høgre og Oslo Venstre om kostnadane på tiltaket, skreiv E24.no.

Reguleringsplanen sikrar allereie arealet til friområdet. Så sjølve ekspropriasjonen skulle ikkje bli så dyr. Eit moment her er at grunneigaren neppe har kravd erstatning sjølv då planen blei vedtatt.

På den andre sida er planvedtaket frå 2013 og ekspropriasjons-heimelen varer i berre 10 år. Så prosessen bør allereie vere sett i gang.

Gjeldande reguleringsplan der friområdet til kyststien er utheva.

Vidare er det ingen bustadar eller næringsareal som blir ekspropriert.
Men det kan ha betydning at så vidt stort hageareal blir tatt ut at attverande eigedom ikkje har sals- eller bruksverdi og difor må innløysast.

Ortofoto med areal til kyststi markert

Den situasjonen tok Gulating lagmannsrett stilling til i ei sak som gjaldt vegutbygging:

«Den del av eiendommen som avstås lå mellom huset og E-XX. Avstanden mellom husveggen og senterlinjen på den tidligere vegen var ca. 31 meter, og etter omleggingen er den ca. 23 meter. Isolert sett kan denne forskjellen fortone seg beskjeden og lite avgjørende, men vegen er hevet om lag to meter i forhold til før, og dessuten er en fjellknaus som hadde støydempende effekt fjernet. Videre er gjenværende areal mellom vegen og huset anvendt til en tilførselsveg, slik at denne del av tomta er blitt ytterligere redusert. Innkjørselen fra E-XX inn på tilførselsvegen er dertil lagt rett foran et av soverommene i husets underetasje.»

Eigedomen som var emne for skjønnet Gulating gjorde i 2016

I saka måtte Statens vegvesen erstatte kjøp av ny tilsvarande eigedom som den dei eksproprierte. Summen blei difor 3,2 mill kronar – høgare enn salgsverdien på eigedomen som blei innløyst, som blei sett til 850.000 kr.

Sjølve tiltaket på Bygdøy treng ikkje vere i øvre prisklasse, sjølv om det kan freiste. Det kan tvert i mot vere eit sjølvstendig poeng å føre strandsona tilbake til ei naturnær løysing. Dermed blir kostnadane primært å fjerne eller forenkle konstruksjonar og deretter etablere plantar, siv eller liknande løysingar i strandsona for å knyte den til ein enkel sti i grus eller anna enkelt dekke.

Då blir kostnadane primært knyta til endring av bryggeløysingane. Dei kan bli verande med mindre justeringar eller flyttast til ein anna stad for å sikre tilkomst eller tilflott.

Men det burde altså vere lett å halde kostnadane i det tilfellet her nokså moderate. Ingen kremvilla treng rivast ut frå det eg kan sjå.


Den

i

av