Kva faen gjer ein LARK?

Kva faen gjer ein landskapsarkitekt? Det er temaet for fagdagen som Norske landskapsarkitektar skal ha i Trondheim i 2027. Så då tillet eg meg å kome med eit eksempel.

I 2008 arbeidde eg i Plan- og bygningsetaten i Bergen. Då blei eg så vidt involvert i arbeidet med å regulere Mindemyren i Bergen.

Konkret bad kollegaen min Magne Grostad meg om å kome med eit innspel til eit konkurransegrunnlag for kjøp av konsulenttenester, til ein reguleringslan han var blitt prosjektleiar for. Områdereguleringslanen blei vedtatt først i 2015.

Mitt vesle bidrag var å gjennomføre eit møte med Vann og avløpsetaten og skrive eit notat på rundt to sider der eg anbefalte å opne den gamle kanalen som gjekk midt over Mindemyren – og som gav namnet til Kanalveien.

Ortofoto frå 1951 der den gamle bekken over Mindemyren er markert.

Du finn den naturlege bekken på ortofoto i 1951, som seinare blei lagt i kanal. Ved å opne den, kunne vi skape eit bymiljø for opphald og bevegelse til fots, slik som desse joggarane eg møtte der i april.

Løysinga er også eit viktig premiss for utvikling og bygging av bybanelinja via Haukeland og Kronstad til Fyllingsdalen. Det blei jo løysinga på krangelen om bybanen over Bryggen i 2014 og som enno ikkje er bygd.

Montasje laga til innspel sendt Bergen kommune 20. juni 2013

Så i tidleg fase drøftar landskapsarkitekten ei konkret løysing i eit fagleg innspel til kva som er mogleg å gjere. Seinare fører det til krav i bestemmelsar i reguleringsplan, som i tilfellet her måtte løysast og prosjekterast av andre.

I det siste biletet frå bybanestoppen på Kristianborg, finn du også eit lindetre som har blitt flytta dit. Det arbeidet blei leia av ein anna landskapsarkitekt i Bybanen utbygging i fylket. Då var det viktig å sikre røtene på ein slik måte at treet kan overleve på den nyte staden det blir flytta til.

Så der har du eit eksempel på kva ein landskapsarkitekt gjer.