Har banken eit ansvar for manglande forsikring når det brenn?

En rekke hus ble jevnet med jorden under katastrofebrannen i Krokstadelva. Foto: Tore Sandberg, Drammens Tidende

I debatten om 𝗱𝗲𝗶 𝗺𝗮𝗻𝗴𝗹𝗮𝗻𝗱𝗲 𝗳𝗼𝗿𝘀𝗶𝗸𝗿𝗶𝗻𝗴𝗮𝗻𝗲 frå brannen i Krokstadelva, viste Rakel Haugen Strand til Finans Norge, som opplyste at «bankene normalt sjekker at det er tegnet boligforsikring på bygget de skal utbetale lån til. Låntager skriver under på en egenerklæring om at hen til enhver tid vil sørge for at boligen er forsikret.» Ho konkluderte deretter at ansvaret med denne erklæringa, ligg hjå den enkelte.

Problemet er vel snarare om 𝗮𝗻𝘀𝘃𝗮𝗿𝗲𝘁 𝗳𝗼𝗿 𝗺𝗮𝗻𝗴𝗹𝗮𝗻𝗱𝗲 𝗸𝗼𝗻𝘁𝗿𝗼𝗹𝗹 ligg hjå banken, særleg om låntakar har misleghalde avtalen i lang tid, utan at banken har avdekka kontraktbrotet.

For viss 𝗲𝗶𝗴𝗲𝗻𝗲𝗿𝗸𝗹æ𝗿𝗶𝗻𝗴𝗮 skyv ansvaret over på lånetakar som forsikrar bustaden «til enhver tid», lyt banken motsett lastast for manglande utføring av eit ulovfesta kontrollansvar.

I vår tid er det ikkje vanskeleg å kontrollere ei slik forsikring, gjennom ein 𝗮𝘂𝘁𝗼𝗺𝗮𝘁𝗶𝘀𝗸 𝗸𝗼𝗻𝘁𝗿𝗼𝗹𝗹. Den kan truleg skje relativt hyppig før den krenkar personvernet til huseigaren.

I mange tilfelle 𝗲𝗶𝗴 𝗼𝗴𝘀𝗮 𝗯𝗮𝗻𝗸𝗲𝗻 𝗳𝗼𝗿𝘀𝗶𝗸𝗿𝗶𝗻𝗴𝘀𝘀𝗲𝗹𝘀𝗸𝗮𝗽𝗲𝘁, som har og tilbyr forsikringsavtalen. Det kan også vere tale om kollektive avtalar eller prisfordelar gjennom fag- eller bransjeforeningar. Det gir banken eit sjølvstendig ansvar, for å halde seg orientert om kor vidt lånetakaren faktisk held dette avtalevilkåret. Difor kan banken høgst truleg også 𝘁𝘃𝗮𝗻𝗴𝘀𝘀𝗲𝗹𝗷𝗲 𝗲𝗶𝗴𝗲𝗱𝗼𝗺𝗮𝗿, der lånetakar over lang tid mislegheld denne delen ein låneavtale. Slik sett kan banken til slutt kunne lastast for manglande forsikringsavtalar, når hus brenn ned til grunnen, om banken ikkje har foretatt seg noko.

Eit anna emne er om kommunen vil leggje ut området til utbygging på ny. Kommunedirektør Sudir Sharma i Drammen kommune uttalte til Aftenposten den 22. juli 2026 at «kommunen må gjennomføre 𝗽𝗹𝗮𝗻𝗽𝗿𝗼𝘀𝗲𝘀𝘀𝗲𝗿» før gjenoppbygging kan bli aktuelt.

Arealet er allereie tatt i bruk. I lang tid har krav om fortetting, derimot ført til at slike 𝗯𝗶𝗹𝗯𝗮𝘀𝗲𝗿𝘁𝗲 𝗯𝘂𝘀𝘁𝗮𝗱𝗳𝗲𝗹𝘁 i dalsidene som Krokstadelva, er mindre ønska. I dag ville Staten truleg fremja motsegn mot ei slik utbygging. Det kan tale for ei mindre omfangsrik utbyggjing, enn den som brann ned.

Etterpåklokskap kan også føre til at det blir regulert inn 𝗯𝗿𝗮𝗻𝗻𝗴𝗮𝘁𝗲𝗿 i form av friområde, slik som då Drammen fekk sitt opne Bragernes torg og murtvang etter bybrannen i 1866.

Det blir spennande å sjå om kommunen tar 𝗿𝗲𝗸𝗻𝗶𝗻𝗴𝗮 𝗺𝗲𝗱 𝗮 𝗿𝗲𝗴𝘂𝗹𝗲𝗿𝗲 𝗼𝗺𝗿𝗮𝗱𝗲𝘁 𝗽𝗮 𝗻𝘆𝘁𝘁.

Bustadeigarane som vil flytte, kan også 𝘀𝗲𝗹𝗷𝗲 𝗲𝗶𝗴𝗲𝗱𝗼𝗺𝗮𝗻𝗲 til ein eigedomsutviklar, som tar risikoen med å bygge opp att Krokstadelva. Løysinga kan bli heilt annleis enn den som bokstavleg tala gjekk opp i røyk.

For dei som ikkje har forsikring, kan ein 𝗹𝗮𝗻𝗴𝘃𝗮𝗿𝗶𝗴 𝗽𝗹𝗮𝗻𝗽𝗿𝗼𝘀𝗲𝘀𝘀 𝗳𝗼𝗿𝘀𝗲𝗶𝗻𝗸𝗲 𝘀𝗷𝗮𝗻𝘀𝗲𝗻 𝘁𝗶𝗹 𝗮 𝘀𝗲𝗹𝗷𝗲 𝘂𝗻𝗻𝗮 𝗲𝗶𝗴𝗲𝗱𝗼𝗺𝘀𝗿𝗲𝘁𝘁𝗲𝗻 og slik sikre dekning i det minste for deler av lånet dei likevel lyt betale.

Det styrker ein argumentasjon for at banken sitt 𝘂𝗹𝗼𝘃𝗳𝗲𝘀𝘁𝗮 𝗸𝗼𝗻𝘁𝗿𝗼𝗹𝗹𝗮𝗻𝘀𝘃𝗮𝗿, kan få avgjerande betydning i særleg dei tilfella der bustaden stod lenge utan forsikring.


Debattinnlegg publisert i Drammens Tidende 31. juli 2026.


Den

i

av