Dilemmasamling?

Nyleg kom Transparency International med ei oppdatert samling over norske korrupsjonsdommar. Slik som den der ein prosjektleiar i Bane NOR og ein driftsleiar hjå ein av entreprenørane på Follobanen sette medarbeidarar hjå entreprenøren til å oppgradere bustad og hage for seg sjølv.. entreprenøren oppdaga lovbrota fordi det blei ført arbeid og utgifter på faktura til Bane NOR som absolutt ikkje skulle den vegen. Dermed blei dei to avslørt og er no domfelt.

Det finnast mange situasjonar i plan og byggeprosjekt som kan føre ut i den såkalla korrupsjonssklia. Plutseleg er ein av medarbeidarane dine involvert i korrupsjon fordi grensa for kva som blei akseptert ikkje blei slått fast.

Difor kan det kome godt med ei dilemmasamling, der medarbeidarane dine drøftar slike situasjonar og kan stogge i tide. Treng du hjelp til å utvikle eksempel eller gjennomføre ei samling om utvikling av eigedomsprosjekt?


Den

i

av