Arealoverføring i friområde

Nyleg leste eg Sivilombodet sin uttale SOM-2025-6563.

Den er ganske nerdete, men argumentasjonen er svært lærerik og systematisk bygd opp – og den råkar også faget som landskapsarkitekt.

For utgangspunktet er altså reguleringsbestemmelsen som krev at det skal utarbeidast ein landskapsplan som «skal redegjøre for opparbeiding av friområdet over kulverten og Nedre Tasta etter anleggsgjennomføring».

Så har altså Statens vegvesen vore ute og makebyta med grunneigaren og ein anna del av eigedomen hans langs E39 (dei har byta eigedom i staden for å gjere opp med pengar). Dei skal så gjennomføre avtalen om makebyte, og grunneigaren søker kommunen om å overføre eigedomen frå Statens vegvesen til seg. Det er nemleg eit søknadspliktig tiltak.

Kommunen avslår fordi arealet er regulert til offentleg friområde.

Grunneigaren klagar til Statsforvaltaren, som stadfestar kommunen sitt vedtak.

Deretter klagar grunneigaren til Sivilombodet som støttar grunneigaren.

Og les du uttalen, vil du sjå at her har fanden gøymt seg i detaljane. For ein reguleringsplan styrer framtidig arealbruk, men ikkje eigedomsrettar. Og Statens vegvesen pliktar å selje eigeom til markedspris. Saka endar med at Statsforvaltaren sitt vedtak blir oppheva, deretter opphevar kommunen vedtaket og løyve til arealoverføring blir gitt.

Reguleringa til friområde, hindrar ikkje arealoverføringa fordi den framtidige bruken i praksis er den same som i dag. Overføringa er dessutan viktig for å få slått fast pris og verdi på arealet. Det hindrar ikkje kommunen å ekspropriere arealet på eit seinare tidspunkt, når friområdet skal realiserast – men det er heller ikkje nødvendig. Det kan løysast med ein avtale der grunneigaren kan stå for gjennomføringa – eigedomen kan altså fint vere i privat eige sjølv om arealet er regulert til offentleg friområde.

Det er også vist til Barka-dommen (Rt-2007-281 avsnitt 47) i uttalen, som gjaldt ein barnehage som ulovleg tok i bruk eit friområde til leikeareal for barnehagen.

For å oppsummere:
Her er det mykje juridisk knask i ei godt strukturert drøfting. Les den. Saka gjaldt reguleringsplan 2551 i Stavanger kommune.


Den

i

av