Byrom i Møllendal i Bergen

Byplanlegging tar lang tid. I perioden 2008-2011 var eg involvert i utarbeiding og oppfølging av eit byromskonsept i Møllendal i Bergen (inst i Store lungegårdsvatn). Mange aktørar internt i kommunen og hjå Bergen kyrkjelege fellesråd var involvert i arbeidet med å programmere byromma i området.

No i april 2024 pågår det eit arbeid med å detaljprosjektere og bygge elveparken langs Møllendalselva, frå Store lungegårdsvatn og opp til Haukeland sjukehus, der den nye underjordiske bybanestoppet har kome på plass.

Her finn du bilete frå nokre gongar eg har stogga i Møllendal, den 8. juli og 2. september 2019, 28. september 2022 og den 23. november 2022. Merk også detaljar som det å flytte LNG-tanken var i 2010 ein viktig premiss for at Studentsamskipnaden kunne bygge studentbustadar i Møllendal. Når ny helikopterlandingsplass er klar ved brannstasjonen, kan den gamle leggast ned til fordel for ein strandpark, og då oppstår det eit nytt spørsmål om flytting av LNG-tanken.

Her kan du sjå nokre utvalde sider med diagram og bilete frå fagrapporten frå det arbeidet samt lese heile rapporten som var ferdigstilt den 3. juli 2009.