Nyleg la SR-Eiendom AS ut Kong Haralds gate 43, gnr 38 bnr 739 til sal som renovasjonsobjekt, ref. eigedomsmeklar Noah Andersen-David.

I den samanheng synfarte Bård Magnus eigedomen for å sjå om den kan vere eigna til eit utbyggingsprosjekt, særleg for det tilfellet bustaden blir riven og erstatta med nokre nye bustadar, eventuelt at ei ombygging av nr. 43 eller endringar i tilkomst og parkering opnar for eit slikt prosjekt. Ei slik tilnærming vil i så fall krevje ein ny eller endra reguleringsplan.
Som ledd i å få til eit slikt prosjekt, sendte Badr AS ei denne meldinga til nærliggande grunneigarar, slik at dei kan melde tilbake om kva interesser dei har i området og løysingar som i så fall kan vere interessante å få til.
Badr AS er ei ny tilbydar innan arkitektur og byplanlegging og skal løyse landskap og byrom på ein god måte. Dersom det er interesse blant grunneigarar i området, vil eg søke samarbeid med ein kompetent utbyggjar og i første omgang bidra til at det kjem på plass ein reguleringsplan som sikrar gode løysingar for alle partar.
Dei som har interesser i samband med forslaget, blei bedt om å melde desse til Badr AS innan 23. januar 2023. Om ønskjeleg kan Bård Magnus få til eit møte.


