Årsoppgjeret for 2022 blei nyleg ferdig etter første år med nær ordinær drift, der eigar bl.a. har tatt ut løn og hatt fast kontorplass i Villa Finne samt kjøpt inn naudsynt programvare mv. Det viser eit overskot etter skatt på kr 97 339 etter ei salsinntekt på 570125 kr.
Resultatregnskap for 2022
I 2023 er målet å auke omsetninga med fleire og meir langvarige oppdrag. Vil du ha tilsendt regnskap ifbm moglege oppdrag, ta kontakt. Det blir sendt til Brønnøysund og blir tilgjengeleg også der etterkvart.
Nyleg la SR-Eiendom AS ut Kong Haralds gate 43, gnr 38 bnr 739 til sal som renovasjonsobjekt, ref. eigedomsmeklar Noah Andersen-David.
Framsidebilete frå SR1 eiendom sitt prospekt
I den samanheng synfarte Bård Magnus eigedomen for å sjå om den kan vere eigna til eit utbyggingsprosjekt, særleg for det tilfellet bustaden blir riven og erstatta med nokre nye bustadar, eventuelt at ei ombygging av nr. 43 eller endringar i tilkomst og parkering opnar for eit slikt prosjekt. Ei slik tilnærming vil i så fall krevje ein ny eller endra reguleringsplan.
Som ledd i å få til eit slikt prosjekt, sendte Badr AS ei denne meldinga til nærliggande grunneigarar, slik at dei kan melde tilbake om kva interesser dei har i området og løysingar som i så fall kan vere interessante å få til.
Badr AS er ei ny tilbydar innan arkitektur og byplanlegging og skal løyse landskap og byrom på ein god måte. Dersom det er interesse blant grunneigarar i området, vil eg søke samarbeid med ein kompetent utbyggjar og i første omgang bidra til at det kjem på plass ein reguleringsplan som sikrar gode løysingar for alle partar.
Dei som har interesser i samband med forslaget, blei bedt om å melde desse til Badr AS innan 23. januar 2023. Om ønskjeleg kan Bård Magnus få til eit møte.
Ortofoto med Kong Haralds gt. nr. 43 markertFramsidebilete frå SR1 eiendom sitt prospektGjeldande reguleringsplan planid 1512 i Stavanger kommune.