Fortetting i by og infrastruktur

Oppgradering av infrastruktur – ein planleggjar sitt musikalske rammeverk. Dette emnet i byplanlegginga blei eg som landskapsarkitekt oppteken av allereie i studietida. Den gong skreiv eg ei mastergradsoppgåve der eg gjennom dokumentstudiar, synfaring der eg samanlikna plan med fysisk resultat og samtalar eller intervju med involverte aktørar undersøkte forholdet mellom Jan Gehl sin Strategisk plan for byaksen i Drammen og det fysiske resultatet i 2005. Grunna omfattande arbeid med casemetode og systematiske samanstillingar av funna eg gjorde, fekk eg beste karakter på den oppgåva (A).

I 2012 starta ei gruppe byplanleggjar-studentar magasinet +kote. I andre utgåve, nr. 2 / 2013 skreiv eg ein artikkel om dette emnet. Med røynsle frå Bergen og eit smule tvisyn arva frå den nynorske skrivetradisjonen, skreiv eg Planlegging av infrastruktur | Ein planleggjar sitt musikalske rammeverk.

Då eg slutta å arbeide med byplanleggjing i Bergen, avslutta eg med ein kronikk i Bergens Tidende der eg i samband med ei bystyresak i Bergen kommune same dag, tok opp tomteselskapet si rolle og trong for endring av kommunen si tilnærming til oppgradering av infrastruktur. Kommunen endra organisasjonen sin først 14. januar 2016.

I 2017 deltok eg i eit prosjekt der vi gav råd til Lørenskog kommune om korleis dei kan utvikle området rundt AHUS. Det munna ut i eit notat med eit stort tal forslag til tiltak.