Innsyn i dokument etter offentleglova

Hovudregelen er at alle offentlege dokument og saker i stat og kommune skal vere offentlege. Offentleglova regulerer desse organa sin rett til å nekte innsyn. Ofte finn du dokumenta opne i postjournalar og saksarkiv, særleg på mitt fagområde byutvikling. Men andre gonger vil ikkje kommunar, vegvesenet eller eit departement at du får sjå akkurat det dokumentet du har sett deg ut. Då kjem kjennskap til offentleglova til hjelp. Du kan også få innsyn i dokument, bilete, lydopptak, videoar eller liknande som ikkje står oppført i nokon offentleg journal.

Justis- og beredskapsdepartementet har utarbeidd ein god rettleiar til offentleglova. Den hjelper organet – som den offentlege eininga som fekk innsynskravet blir kalla i lova – til å handsame kravet om innsyn rett. Dersom du får avslag, står det også mykje nyttig om du kan bruke til først å krevje ei betre grunngiving jf. offl §31 andre ledd for kvifor du får avslag eller argument til ein klage jf. offl §32.

Treng du hjelp til å fremje eit innsynskrav eller å utarbeide ein klage, kan eg gjere dette for deg. Med røynsle frå fleire innsynssaker, har eg lært meg kvar grensene går innanfor fleire av heimlane som blir nytta. Eg har lang røynsle med plan- og bygningsrett og altså med offentleglova og relevant utdanning i forvaltningsrett og juridisk metode. Du kan også få dekka kostnaden til ein klage etter forvaltningslova §36.

Miljøinformasjonslova

Eg kan også tilby hjelp med innsyn etter miljøinformasjonslova.

Nokre saker

Plikt til å oversende sakens dokumenter til klageinstansen. I 2018 uttalte Sivilombodsmannen seg om ein kommune si plikt til å sende dokumentet det blir kravd innsyn i, til klageinstansen. Klageinstansane viser til denne viktige uttalen når kommunane ikkje sender dokumenta dit.


Statsforvaltaren i Oslo og Viken har sendt meg ei rekke saker som omhandla unntak etter offentleglova §16. Dette er ein situasjon som ofte har relevans når plankonsulent sender uferdige planforslag til kommunen som planmynde. Då er det kjekt å kjenne vedtaka som Statsforvaltaren har gjort i liknande situasjonar.